TAKK TIL DUGNADSGJENGEN

Fleire laurdagar har ein dugnadsgjeng jobba med å få på plass eit bordtennisbord til utandørs bruk og eit stort gyngedisseapparat (populært kalt "kråkereir").
Bordtennisbordet har allereie vore på plass ei stund, medan dissestativet vart ferdig forrige laurdag.
Dei som har utført dugnadsarbeid er:
Kjetil Slatlem, Ole Christian Torgalsbøen, Stein Arild Seljevold, Ronald Eidem, Tormod Mahle, Nils Arne Gule, Nils Arne Sunde, Halvor Vaagen, Bjørn Henrik Iversen og Svein Ivar Sjåholm. Vaktmeister har vore tilstades med utstyr og instrukser.
 
 
Stor takk til dugnadsgjengen for flott utført arbeid! Dette blir til stor glede for elevane og apparata er allereie i flittig bruk. Somme tider er det stor kø for å bruke apparata.