Siste skuledagen starta med julefrukost for heile skulen samla på Samfunnshuset. Dette er noko både elevar og personalet sett pris på, og det var tydeleg at frukosten smakte godt!
Takk til foreldra som nok ein gong stilte opp og laga til ein kjempegod frukost for oss alle. Ein svært fin start på den siste skuledagen før jul og fole kjekt at heile skulen kan vere samla på ein slik måte!
Etterpå var det skulegudsteneste i kyrkja og avslutning klassevis på skulen - Og så var det juleferie!
Vi ønskjer ein god juleferie og ei riktig GOD JUL til elevar, foreldre og personalet!