KUNSTVERKSTAD I 9.KLASSE

Siste torsdagen i januar hadde 9.trinn besøk av eit team med unge kunstnarar frå mange land. Desse ungdomane går på Creative DTS (DisippelTreningsSkole) i Ålesund og hadde praksisveke i januar og var ”utplassert” gjennom Fræna pinsemenighet.
Etter avtale og samarbeid med lærar Kirsti Guvsàm, var ungdomane med i kunst og handverks timar på 8. og 9.trinn. Då vi stakk innom 9.klassen var elevane i full gang med å lage seg ei bok (notatbok, dagbok, minnebok, …), heilt frå grunnen av (sjå bileta i albumet). Og det vart mange flotte bøker! Det såg ut som elevane var begeistra for både oppgåva, arbeidet og ungdomane som var på besøk. Ungdomane var sosiale og lette å snakke med, og så fekk elevane våre samtidig mykje øving i å kommunisere på engelsk. Fin trening! Takk for besøket!

Fleire bilete finn du her!