Inspirert av kunstnarane Bortnyik, Kadinsky og Vasarely starta elevane på 5.trinn med å lage eigne kunstverk samtidig som dei arbeidde med geometriske figurar.
Lærar Ann Lyngstad kunne fortelje at her fekk elevane lære om desse kunstnarane som har det til felles at dei brukar geometriske figurar i bileta sine, samtidig som dei fekk arbeide med geometriske figurar og omgrep som symmetri, forflytning og rotasjon frå matematikk-faget. Onsdag denne veka samordna dei arbeida sine og laga ei utstilling av det dei hadde gjort.
Fleire bilete frå
Geometri-prosjektet finn de
her!